onsdag, september 24, 2008

Var det kaldt sa du?


Fyrst vil eg berre benytte sjansen til å beklage for seint innlegg, men av ymse årsaker har eg vore nøydd til å utsetje det. Men no vil eg fortelje dykk om ei heilt ny oppleving eg har fått her nede.
Det heile starta med at eg skulle bli med på ein "imbizo" som er eit møte der alle YMCA gruppene i KwaZulu-Natal (provinsen eg bur i) har ein eller fleire delegatar for å lære om eit tema og også velje eit nytt styre for regionen. Temaet var "From subject to citizen" som gjekk ut på at ungdomen i Sør-Afrika må i staden for å stå og sjå på at samfunnet endrar seg, ta i eit tak for å bli meir delaktige. Heile helga gjekk til dette der temaet var på laurdagen og valget på sundagen.
For meg var dette ei veldig innhaldsrik helg noko ein eigentleg ikkje skulle ha trudd ettersom at alt føregjekk på zulu. Eg ville ikkje bryte inn heller fordi dei kommuniserar tross alt betre på deira hovudspråk. Men det som gjorde denne helga so innhaldsrik var å sjå korleis ting vart gjort både i presentasjonen av temaet og når dei skulle velge styret. For å gjere ei lang historie kort om presentasjonen så vil eg berre sei at folk gjer det forskjellig! Valget av styre derimot var litt artigt. Det blei gitt 15 sekund på å tenke over valget av kandidaten, 15 sekund på å skrive ned valget, og 15 sekund på å levere inn valget (visst eg skjønte det riktig). Og slik gjorde dei med alle moglege stillingar. No er eg ikkje sikker på korleis det blir gjort i Noreg, men eg synest i alle fall at det er ein glimrande idè.
Hovudsaka mi er allikavel ikkje dette. For på laurdagen var det nemlig så kaldt at det starta å snø på fjelltoppane. Eg fekk aldri sett at det snødde, men ein ven av meg fekk sett det for fyrste gong i sitt liv. Og han er 27 år. Men som de ser så fekk eg sett snøen på toppane når vi køyrde heim att dagen etterpå. Og gjett om det var fleire som gjekk amok med kameraet på bussen når dei såg snøen! Men eg ville aldri ha trudd at eg pakka så feil når eg skulle til Sør-Afrika. Satsar forøvrig på at det var fyrste og siste gongen det skjer.
Håpar de andre har det godt og som forventa.
Vidar

Ingen kommentarer: