måndag, september 15, 2008

21 år gamal? Feir den i Sør-Afrika!

Mi nyaste erfaring var å feire 21-års dag her nede. Ikkje at eg blei det, men nokon. Dette er ein stor ting her nede. Mange folk frå heile nabolaget kjem inn til den store festen. Eg må ærleg innrøme at eg trudde først at eg kom til eit bryllaup slik som alt var laga til. Og folk holdt talar i mangfold, både som eit godt ord på vegen og som ein vits med ei lita meining bak, men slik at folk fekk seg ein god latter. Og slik dreiv dei på, byta mellom litt musikk og talarar, til rytma tok heilt over og det blei stor ståhei.Ein av bakdelane ved desse festane er at dei varer utover kvelden noko som igjen fører til vanskar for å kome seg heim att. Noko som eg fekk oppleve då dei sa til meg i bilen eg satt på med at eg måtte overnatte ute den natta fordi der ikkje var transport inn til byen. Og slik fekk eg opplevd mi første natt utanfor YMCA huset i Durban sentrum. Litt skeptisk i starten, men fekk sove ganske greit etter kvart.Det har skjedd mykje den siste veka noko som har resultert i meir ansvar i det arbeidet eg driv, fleire venar, og eit større perspektiv på livet. Eg sit att med mange opplevingar og inntrykk som eg framleis må fundere over før eg kan gi eit klart svar på kva eg eigentleg tenker om dei. Dette verkar veldig djupt, men der er faktisk mykje ein kan stille spørsmål ved når ein er ute og reiser slik som eg gjer no.
Håper de alle har hatt ei fin veke og ynskjer de ei fin veke som kjem. Til neste gong vi snakkast;
Mvh
Vidar

1 kommentar:

Birgitte sa...

Søren!Jeg har passert 21:P