Det heile starta for litt over eit år sidan når Raipasgjengen (huslyden min på Øytun folkehøgskule) skulle skiljast. Eg fekk alle (bortsett frå Marianne, noke som eg må hugse..) til å skrive namnet sitt på ballen og så skulle eg bringe den ut til verda. Så no måtte eg ta det fyrste steget på vegen mot målet. Målet er for så vidt litt uklart, men ballen skulle no uansett ut!!
Så vi starta, ikkje heilt utan skepsis, med å stikke til parken ved huset mitt for å kvitte oss med nervane våra ved å leike litt:) Vi gjekk til reiestativet, klatrestativet og karusellen. Sklia var diverre opptatt, mn vi leika gjøyme og leite i staden..So bar det ut til den store byen. Og det var ikkje prikkfritt kome seg dit. Mykje trafikk som måtte kryssast og undergunn som skulle takast. Men etter ei lang reise enda vi opp på Piccadilly Circus. Ferda gjekk så vidare til Leicester Square, Trafalger Square, St. James Park, Big Ben, The House of Parliment, Westminster Abbey, London Eye og London Bridge. Og vi GJEKK heile vegen, noke som tok på kreftene, men vi var innstilt på å klare det so vi gjekk og gjekk.
Alt i alt so storkosa vi oss og vil tru det var fleire enn oss som fekk seg ein latter:)Vi er litt skeptiske..