onsdag, september 24, 2008

Var det kaldt sa du?


Fyrst vil eg berre benytte sjansen til å beklage for seint innlegg, men av ymse årsaker har eg vore nøydd til å utsetje det. Men no vil eg fortelje dykk om ei heilt ny oppleving eg har fått her nede.
Det heile starta med at eg skulle bli med på ein "imbizo" som er eit møte der alle YMCA gruppene i KwaZulu-Natal (provinsen eg bur i) har ein eller fleire delegatar for å lære om eit tema og også velje eit nytt styre for regionen. Temaet var "From subject to citizen" som gjekk ut på at ungdomen i Sør-Afrika må i staden for å stå og sjå på at samfunnet endrar seg, ta i eit tak for å bli meir delaktige. Heile helga gjekk til dette der temaet var på laurdagen og valget på sundagen.
For meg var dette ei veldig innhaldsrik helg noko ein eigentleg ikkje skulle ha trudd ettersom at alt føregjekk på zulu. Eg ville ikkje bryte inn heller fordi dei kommuniserar tross alt betre på deira hovudspråk. Men det som gjorde denne helga so innhaldsrik var å sjå korleis ting vart gjort både i presentasjonen av temaet og når dei skulle velge styret. For å gjere ei lang historie kort om presentasjonen så vil eg berre sei at folk gjer det forskjellig! Valget av styre derimot var litt artigt. Det blei gitt 15 sekund på å tenke over valget av kandidaten, 15 sekund på å skrive ned valget, og 15 sekund på å levere inn valget (visst eg skjønte det riktig). Og slik gjorde dei med alle moglege stillingar. No er eg ikkje sikker på korleis det blir gjort i Noreg, men eg synest i alle fall at det er ein glimrande idè.
Hovudsaka mi er allikavel ikkje dette. For på laurdagen var det nemlig så kaldt at det starta å snø på fjelltoppane. Eg fekk aldri sett at det snødde, men ein ven av meg fekk sett det for fyrste gong i sitt liv. Og han er 27 år. Men som de ser så fekk eg sett snøen på toppane når vi køyrde heim att dagen etterpå. Og gjett om det var fleire som gjekk amok med kameraet på bussen når dei såg snøen! Men eg ville aldri ha trudd at eg pakka så feil når eg skulle til Sør-Afrika. Satsar forøvrig på at det var fyrste og siste gongen det skjer.
Håpar de andre har det godt og som forventa.
Vidar

måndag, september 15, 2008

21 år gamal? Feir den i Sør-Afrika!

Mi nyaste erfaring var å feire 21-års dag her nede. Ikkje at eg blei det, men nokon. Dette er ein stor ting her nede. Mange folk frå heile nabolaget kjem inn til den store festen. Eg må ærleg innrøme at eg trudde først at eg kom til eit bryllaup slik som alt var laga til. Og folk holdt talar i mangfold, både som eit godt ord på vegen og som ein vits med ei lita meining bak, men slik at folk fekk seg ein god latter. Og slik dreiv dei på, byta mellom litt musikk og talarar, til rytma tok heilt over og det blei stor ståhei.Ein av bakdelane ved desse festane er at dei varer utover kvelden noko som igjen fører til vanskar for å kome seg heim att. Noko som eg fekk oppleve då dei sa til meg i bilen eg satt på med at eg måtte overnatte ute den natta fordi der ikkje var transport inn til byen. Og slik fekk eg opplevd mi første natt utanfor YMCA huset i Durban sentrum. Litt skeptisk i starten, men fekk sove ganske greit etter kvart.Det har skjedd mykje den siste veka noko som har resultert i meir ansvar i det arbeidet eg driv, fleire venar, og eit større perspektiv på livet. Eg sit att med mange opplevingar og inntrykk som eg framleis må fundere over før eg kan gi eit klart svar på kva eg eigentleg tenker om dei. Dette verkar veldig djupt, men der er faktisk mykje ein kan stille spørsmål ved når ein er ute og reiser slik som eg gjer no.
Håper de alle har hatt ei fin veke og ynskjer de ei fin veke som kjem. Til neste gong vi snakkast;
Mvh
Vidar

tysdag, september 09, 2008

Mi første veke i Durban!


Hei, alle saman!
Eg har no budd i Durban i ei veke og eg sit att med mange nye erfaringar og opplevingar. Det største av alt er kanskje ein tradisjonell zulu-sermoni som eg fekk med meg denne helga. Eg fekk vere med på både delar av førebuinga, som var slakting avdyr, og sjølve sermonien. Slaktinga blei gjort på ekte zulu vis. Og som de kan sjå på bileta så er ikkje dette nokon leik. Eg fekk òg bli med på sermonien som eg sa, men det var ikkje stort som skjedde. Det var eit godt måltid med dei dyra vi hadde slakta dagen før og så var de sosialt samhyggje etterpå over litt kveitemjød og øl. Brusa var til meg og den yngre garden:)
Eg har òg fått oppleve delar av Durban. Eg har vore i den botaniske hagen, på kasinoet, på det største kjøpesenteret, og eg har fått sett den flotte stranda dei har. Og det er mykje å ta seg til. Eg har til og med fått meg ein del nye venar og eg har allereie fått laga ein avtale på at eg skal få noken nye erfaringar kvar helg:) Er veldig spent på om dette vil skje, men eg skal skrive eit innlegg etter neste helg så de kan få ein bekreftelse på om vi faktisk skal prøve:)
Det eg ellers driv på med er ein del kontorarbeid no i starten, men eg skal etterkvart kome meg ut og bli me i praksisen på nokon av prosjekta som dei driv med her nede:) Veldig nyttige prosjekt for samfunnet der dei gir ei hjelpande hand til gatebarn, tidligare kriminelle og andre som må streve med det dagleg livet.
Det er med andre ord mykje å sjå fram til, både for meg og for dykk som les her:) Så spend dykk fast for nye spennande historier her på "Vidar's eventyr".
Her kjem ein del bileter, men eg håpar de vil nyte dei og tenke at dette er berre starten:)



torsdag, september 04, 2008

Så var det på'an igjen!

Hallo, hallo, godt folk!
Det er diverre altfor lenge sidan sist eg hadde eit innlegg her, men eg er no ved godt mot og håpar at eg kan oppdatere her jamnleg medan eg er på mi reise i Durban, Sør-Afrika. Om de har nokon spørsmål må de gjerne stille i lesarinnlegga.

Mvh
Vidar

laurdag, mai 26, 2007

Raipasballen's eventyr: London

Det heile starta for litt over eit år sidan når Raipasgjengen (huslyden min på Øytun folkehøgskule) skulle skiljast. Eg fekk alle (bortsett frå Marianne, noke som eg må hugse..) til å skrive namnet sitt på ballen og så skulle eg bringe den ut til verda. Så no måtte eg ta det fyrste steget på vegen mot målet. Målet er for så vidt litt uklart, men ballen skulle no uansett ut!!
Så vi starta, ikkje heilt utan skepsis, med å stikke til parken ved huset mitt for å kvitte oss med nervane våra ved å leike litt:) Vi gjekk til reiestativet, klatrestativet og karusellen. Sklia var diverre opptatt, mn vi leika gjøyme og leite i staden..
So bar det ut til den store byen. Og det var ikkje prikkfritt kome seg dit. Mykje trafikk som måtte kryssast og undergunn som skulle takast. Men etter ei lang reise enda vi opp på Piccadilly Circus. Ferda gjekk så vidare til Leicester Square, Trafalger Square, St. James Park, Big Ben, The House of Parliment, Westminster Abbey, London Eye og London Bridge. Og vi GJEKK heile vegen, noke som tok på kreftene, men vi var innstilt på å klare det so vi gjekk og gjekk.
Alt i alt so storkosa vi oss og vil tru det var fleire enn oss som fekk seg ein latter:)Vi er litt skeptiske..
.. men roar det ned med leiking i parken:)

Gøyme og leite er alltid gøy sjølv med berre 2 stk..
Det var litt farleg, men eg trur han kosar seg der oppe i toppen:)
Det er ekstra gøy med karusell når du ikkje kan bli sjuk..
Her er eitt av fleire forsøk på å få nye vener.. Eg trur han lukkast her og dei skal kanskje få møtast att..
Som sagt så var der mange hinder som måtte overvinnast, som for eks trafikken..
Eige sete for ein passasjer;)
Big Ben var verkeleg stor!!
Inspirert av The Beatles, men manglar litt venar..
Vi likar turistar som likar å ta bilete av galne turistar;)
Til og med ei rose ligg på hans øyre for å skape stemning
Slappe litt av i graset
"Living on the edge";p
London Eye var litt stort som du såg på ansikts uttrykket. Vi valgte å stå over turen opp dit.
Fantastisk flott dag å tilbringe på Trafalger Square, noko vi ikkje er aleine om..
Leicester Square
Mange folk som er ute på ein fin dag som dette her på Piccadilly Circus:)
London Bridge blei vår "final destination" etter ein lang og flott dag i London:)